Kva betyr dei nye smitteverntiltaka for kyrkja?

Kva betyr dei nye smitteverntiltaka for kyrkja? Som kjent har regjeringa innført tiltak som skal bremse den siste tida sin aukande smitte. Dette vil sjølvsagt også påverke kyrkja. Kyrkjene i Sunnfjord vil i utgangspunktet gjennomføre all planlagt aktivitet, men til ein kvar tid følgje gjeldande regelverk. Dei fleste tiltaka er kjent frå tidlegare, men det er ei oppmjuking samanlikna med nedstenginga tidlegare.

Kva betyr dei nye smitteverntiltaka for kyrkja?

For innandørs arrangement (som gravferd, gudstenester, kyrkjekonsertar, barnedåp m.v.) vil dei viktigaste tiltaka vere:

Avstand
1 meter avstand mellom deltakarane (dette gjeld ikkje dei som bur i same husstand). Her vil vere unntak for m.a. utøvarar og barneskolekohortar.
Der det er stolar i kyrkja/forsamlingslokalet, er det tilstrekkeleg at det er éitt ledig sete mellom husstandane.
Som hovudregel, brukar vi annankvar benk.

Der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand, t.d. ved inn- og utgang, nattverd, og ved bevegelse i kyrkjerommet, vert dei besøkande oppmoda om å nytte munnbind.

Antal
Maks 200 personar i lokalet om ein har faste, tilviste plassar. Det er likevel berre dei største kyrkjebygg som har plass til så mange.

Med fast, tilvist plass er meint at dei besøkande skal sitje på stol, benkeplass under heile arrangementet (med unnatak av nødvendig bevegelse som dåp eller nattverdsdeltaking) og at ein vert vist til eigen sitjeplass av tilsette eller kyrkjevert, eller at ein har fått nummerert plassbillett på førehand.

Merk at ved minnestund etter gravferd er det maksimalt tillete med 50 personar i lokalet.

Deltakarregistrering
Ein gjeninnfører ordninga med registrering av deltakarane sitt namn og telefonnummer ved ankomst til arrangement, for å sikre smittesporing. Listene vert oppbevara trygt, og vert makulerte etter 14 dagar.
Ved gravferd set vi pris på om at pårørande er behjelpeleg med å lage deltakarlistar før gravferda.
For større arrangement, vil ein også vurdere ordningar for førehandspåmelding.

Ansvarleg arrangør
Ved kvart arrangement vil kyrkja ha ein ansvarleg arrangør som politi og helsestyresmakter kan kontakte, og som sikrar smittevernforsvarleg gjennomføring av arrangementet.

Barn og unge
Tiltak retta mot barn og unge, som t.d. konfirmantopplegg og skulegudstenester, går som normalt.
Framleis gjeld dei nasjonale anbefalingane:
- Hald deg heime og test deg for koronavirus om du er sjuk
- Bruk munnbind når du ikkje kan halde avstand eller er i rørsle
- Vask hendene grundig og ofte med såpe og vatn eller handsprit
- Unngå handhelsing og klemming
Vi oppmodar alle som deltek ved kyrkjelege arrangement i tida framover om å halde seg oppdatert i gjeldande smitteverntiltak, vise omsyn til andre og rette seg etter instruksjonar frå arrangør, slik at vi saman i størst mogleg grad kan bidra til å hindre smitte.

Kontakt gjerne kyrkjekontoret om du har spørsmål om smittevern knytta til våre arrangement.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"